mandag 29. september 2008

Eg er ikkje vinden

Eg er ikkje vinden.
Eg er ikkje
eit skred av stein
eller snø.

Heller ikke eit takras
ein morgon
i april,
eller ei elv om våren,
stor og sterk
av smeltevann.

Eg buldrar og bråkar
på min ferd gjennom fjellheimen.
Nokon gonger kvin eg.

Nokon kjem til å koma,
tenkjer du
og skuttar deg.

Men ver ikkje redd.
Eg er berre
toget

(Hol)

Ingen kommentarer: