mandag 3. november 2008

TOGET VI MØTER

Ein sterk dur
vaknar fram
i mørkret,
nærmar seg i rasande hast,
veks,
fyller heile høyrsla:
no er det her-no!
Eit møtande tog,
larm og lys,
stryk forbi vårt
i stjernelaust vintermørkre.

Med andletet klemt
mot ei dirrande rute
står vi og stirer
mot dei som er
på det andre toget,
og dei mot oss.
Men berre eit skimt-
berre eit skimt
inn i flygande vogner
i kvitt lys,
berre ei flimring
av andlet og andlet,
bleike og utviska
utan blikk
jagar dei fram og er borte
i same sekund.

Så med eitt
som eit hogg av mørke:
toget har kjøyrt forbi.
Enno høyrer vi-
så er det stilt
og mørkret mot rutene
større enn før.

Ingen ting meir
å stire etter.
Sporet er lagt
over ubygde vidder
og dette var toget
vi skulle møte,
det siste, før reisa er slutt.

Av Halldis Moren Vesaas
(1907-1995)

Ingen kommentarer: